Norsk kvardagsmeditasjon

Rune Belsvik omtaler boken Stress Arbeid Kjærlighet (Dyade forlag 1997) i Fædrelandsvennen 30. mars 1998

Første gong eg såg far min detta på ski blei eg mildt sagt svært forskrekka. Eg var ein liten gut, og far min var ein travel mann som dreiv med viktige saker og visste skilnaden på rett og gale. Eg trudde ikkje far min kunne ta feil, men så datt han altså på ski.

Det tok meg mange minutt å innsjå det, og det giekk fleire år for eg vågde å seia det til nokon. Lenge lenge gjorde eg som om det ikkje hadde skjedd. Eg oppførte meg så vanleg eg kunne, og glatta over det med dei midlane eg hadde. Det var ein liten bakke. Han hadde fortalt meg grundig korleis vi skulle stå ned. Så datt han. Eg snudde meg vekk med ein gong, så ikkje far min skulle vita at eg visste.

Av og til brukar vi mange krefter på å halde unna slikt som ikkje passar heilt inn.

Vi er mange som skjemst litt av oss sjølv òg stundom. Enten vi gløymer oss vekk og et sjokolade, eller spring i skogen for å kvitta oss med litt dårleg samvittighet, eller nøler så lenge vi kan med å gå til sengs for å liggja der aleine ved søvnens port – kanskje berre 20 cm frå ektefellen, men likevel aleine – så er det noko med oss som vi gjerne kunne greid oss utan. Vi har det ikkje så verst, men vi har det ikkje så bra heller alltid.

Det er liksom ein lekkasje i oss. Ein eller annan stad i dei travle kvardagane er det ei lita revne kor det stadig tyt fram nærgåande spørsmål, uventa kjensler og minne og forhåpningar vi trudde var vekke for lenge sidan.

Kven er eg eigentleg? spør det. Kva er vitsen med alt dette? Kvifor er eg så uroleg? Er eg i grunn verd noko som helst?

Det tyt og tyt og spor og spor. Det snur og vender på seg når vi minst ventar det. Til og med midt i ferien kan denne lekkasjen pip. la, når vi trudde alt var så tett og koseleg som berre det.

Vi lærer oss etter kvart måtar å tetta igjen på. Alkohol kan til ein viss grad døyva slik uro. Fargesprakande underhaldning. Stor aktivitet. Eller ein kan snu seg vekk og venta til det går over. Snakka om sommaren mens det er vinter. Snakka om Per når du snakkar med Pål.

Men det går jo ikkje over, Det går berre under og grip tak i oss frå ein annan kant.

Det ein ikkje kan flykta frå, kan det stundom vera verd å gå i møte. Etter mange år ved vinglaset hadde eg iallfall sjølv trong til å prova noko anna enn bedøvelse.

For nokre år sidan dumpa eg borti Acem-meditasjon gjennom ei annonse i avisa her. Det var særleg nokre ord om personleg vekst og utvikling som lokka meg. Det einaste eg var redd for var at eg matte seia farvel til alle mine gode gamle usunne vanar og bli ein heilt annan for å få lov til å vera med. At vi måtte sitja i vonde stillingar og be til fjerne gudar og så vidare og vidare. Dessutan hadde eg ei viss frykt for kva eg ville koma til å få så når eg lukke augo og sokk ned i dette grumsete indre livet mitt som eg alltid hadde prøvd å halda litt avstand til.

Acem er ein organisasjon av frivillige. Ingen som arbeider der får løn for det. Gjennom dei siste 30 åra har dei utvikla Acem-meditasjon, som eg vil kalla ein norsk kvardagsmeditasjon.

To gonger dagleg finn eg meg ein litt roleg plass, set meg ned i ei seng eller ein stol, lukkar augo, og begynner å gjenta ein metodelyd i mitt stille indre. Eg prøver å gjenta denne metodelyden så ledig som muleg, mens straumen av tankar og kjensler får koma som den vil.

Etter kort tid merka eg at det blei lettare å sovna. og at trongen til bedøvelse blei mindre. For meg føltes dette som å flytta, heim igjen til ein stad i nærleiken av mi eiga sjel. At denne lekkasjen i meg rett og slett var utspringet til den personen eg er. I staden for å få ein avstand til alt, kom det alminnelige livet meg litt nærmare. Eg blei lettare å halda ut med for meg sjølv.

To gonger har eg vore på kurs med Acem, der vi har lengre meditasjonar, og sidan møtes i grupper saman med ein kvalifisert gruppeleiar for å samtale om denne enkle, stillferdige og utfordrande aktiviteten som meditasjonen er. Eg trur aldri eg har kome meg sjo1v eller andre menneske så nær andre stader. Det dreier seg ikkje om tilståelsar eller høge rop og sterke uttrykk, men berre ei forsiktig famling og tilnærming til desse spørsmåla og kjenslene som finst ein plass i oss alle. Møter med vår eigen styrke og veikskap. Vår fantastiske alminnelighet.

I boka Stress – arbeid – kjærlighet. Acem-meditasjonen i perspektiv utgitt på Dyade forlag 1997 skriv Are Holen (førsteamanuensis ved medisinsk fakultet ved NTNU i Trondheim, dr.med., psykolog og fagleg leiar og grunnleggar av Acem.): "Acem er ingen sannhet, det er en måte å lete på." Og vidare: "Lite i samtiden stimulerer eksistenstensiell fordypelse. Acem-meditasjon byr på engasjement i kontakt med stillheten i oss. Dyp avspenning og endret tidsopplevelse aktualiserer det uferdige i oss. Meditasjon kan øke vår selvforståelse og virkeliggjøre nye sider av oss selv. I noen forstand står derfor meditasjon i et slags motsetningsforhold til enkelte sentrale trekk ved samtiden. Berikelse i meditasjon følger av økt ledighet for den spontane ettertanke og dypere refleksjon. Den kan gi avklaring og perspektiv som bygger ned illusjoner, modererer fordømmelse og idealisering. Den kan bringe oss nærmere en helhet og dypere avklaring som skjærer gjennom og gir bedre feste."

Boka er ei utfordring til alle som er nyfikne på den ustoppelege aktiviteten av tankar og kjensler som driv med sitt i vårt stille sinn, dette som i så stor grad pregar vår innstilling til alt rundt oss. Dessutan er artiklane inspirerande for oss som alt er i gong med dagleg meditasjon.

Acem-meditasjon er ei stillferdig handling som vil passa dei fleste som er litt nyfikne på sin indre lekkasje. Metoden har ingen mystisk eller religiøs tilknytning, men er eit tilbod til alle som har sett far sin detta på ski.

Produkter

Stress – arbeid – kjærlighet. Acem-meditasjon i perspektiv

 

Relaterte artikler