Betre enn dei andre

Gardinene er trekt for, lyset slått av, ei klokke innstilt på nitti minutt.   Ho lukkar  augo, og kjenner eit håp fyka fort forbi, håpet om at det ikkje skal bli umulig og for vanskelig og tungt og alt det der, og tenker i same sekund den første metodelyden, for det er jo metodelyden som skal tenkast av henne, det er det ho skal gjera, det har ho bestemt seg for, og det vil ho, men ikkje for sterkt, ikkje for å veifta det gamle fortfykande håpet bort, eller for å få inn noko anna og betre, nei, berre så ledig som mulig, ledig, utan kraft eller aggresjon, berre tenka den der lyden ho har tenkt så mange, mange gonger, tenka han igjen og igjen og igjen, og kjenner at det er godt, godt er det der ho tenker lyden, og lar det gode vera godt, for det skal ikkje haldast fast eller jagast bort dette gode heller, nei, det skal bere få vera som det er, mens ho tenker lyden forsiktig fram igjen og igjen og igjen, og noko i henne registrerer, granskar, eitt eller anna som held på å finna ut korleis ho har det, og dette finn ut at ho har det godt, det søkk i henne, mjukt og mildt søkk det, og ei lita uro sprett fram for å undersøka om denne søkkinga kan vera eit dårlig teikn, at det skal bresta og enda i det djupaste mørke, og ho kjenner at det er litt vanskeligare å tenka lyden fram, det er vel ikkje heile lyden ho får tenkt, heller, den førre lyden var vel nokså halvveges, men det har ho også lært, at det er heilt i orden, det viktige er ikkje om lyden er heilt som vanlig eller litt halvveges, men at den lyden ho tenker blir tenkt ledig, at ho tenker han fram utan å bruka kraft eller konsentrasjon, var det ikkje slik, jo, det var slik ho lærte det, det er ho mest heilt sikker på, ja, det er ho, visst er ho sikker, og så tenker ho lyden slik han let seg tenka, ja, litt hakkete kanskje, og muligvis ikkje heilt ut, men det er slik ho får det til no, og blir glad for at ho er så einig med seg sjølv om dette, og lar det vera  som det er, så fint at ho kan la det vera slik som det er, og så blir det lettare igjen også, ja, no flyt liksom lyden ut av tankane og dette milde og gode opnar seg igjen, ja, det er kanskje ikkje så rart at det er litt enklare i hennar meditasjon enn det antakelig er i dei andre sin, ho er jo litt spesielt god, litt ærligare og meir open enn dei andre, litt flinkare også, forstår vel dette noko betre enn dei andre som sitt kring henne og mediterer, dei er vel litt meir forknytte, held meir fast på forventningane sine enn henne, men dette må ho berre ikkje seia i vegleiinga etterpå, nei veninna hennar sitt jo også der og mediterer, dei skal kjøra saman heim etterpå, nei, ho må for alt i verda ikkje fortelja at ho synest ho er betre enn dei, at ho rett og slett fortener ein lettare og betre meditasjon, dei kunne misforstå det, bli sure på henne, ho som berre er ærlig og open, men no kan ho ikkje vera ærlig og open, kan ikkje fortelja dei at ho synest ho er betre enn dei, nei, slikt går ikkje an, det må ho ikkje finna på, men, viss ho skal halda fram med å vera ærlig og open, er det ikkje nett ting som dette ho burde vera ærlig og open om, nei. 

 

Og så ringer klokka.  Dei nitti minutta er over.  Det var så godt.  Var det ikkje?  Ho hjelper til å bera inn asjettar og koppar.  Ho smiler til dei andre, og får smil tilbake.  Snart er koppane fylte med varmt vatn og teposar.  Det blir sagt at ordet er  fritt.  Ho vil la dei andre snakka først.  Dei treng det meir enn henne, tenker ho.  Ho kan godt venta litt.  Hører på dei andre.  Lurer på om det kjem til å bli tid igjen til henne, og kva ho i så fall kjem til å seia, og brått kjenner ho at ho sitt der og seier det:

  ”Ja, at eg liksom følte meg litt betre enn dykk andre  her, og at det …”

  ”Er det vanskelig å seia det?”

  ”Ja, det er jo … ein skal jo ikkje … eg er jo ikkje … det er vel …”

  ”Kva gjer du når desse tankane kjem, då?  Det hørest litt ut som om du stoppar dei?”

  ”Ja, ein skal jo ikkje …”

  ”Kva skal ein ikkje?”

  ”Eg veit jo at eg ikkje er betre enn andre, og … ”

  ”Nei, eg lurer berre på kva det kan vera desse tankane kamuflerer.  Korfor dei kjem så sterkt.”

  ”Kamuflerer?”

  Då søkk det i henne på nytt.  Ho fell gjennom noko, og ho kjenner igjen det vanskelige ansiktet sitt, det ansiktet ho hadde etter at ho hadde vore på byn og treft ein fyr, og til slutt måtte fortelja mannen om det, og det ansiktet ho då, etterpå, måtte bera mens ho møtte naboane og kollegene, om dei ikkje såg kor fæl ho hadde vore, eller då ho var ei lita jente og hadde fått kjeft, blitt hardt tilsnakka og liksom støytt ut av familien, og så kom det nokon på besøk som ikkje visste kva som hadde skjedd, nokon som trudde ho var snill og grei som vanlig, og då fekk ho dette hundeansiktet, som var tungt som stein, som såg på den andre og sa heilt lydlaust:  SER DU IKKJE KOR FÆL EG ER?  SER DU IKKJE AT EG NETT HAR FÅTT KJEFT OG IKKJE ER VERD Å BLI SNAKKA TIL  PÅ EIN SLIK FIN MÅTE?  FORSTÅR DU IKKJE AT EG ER UTSTØYTT, FORDI EG ER STYGG OG FÆL OG UMULIG?  DU SER DET PÅ MEG, GJER DU IKKJE?

Produkter

Dyade 2014/04: Enklere - Nærmere - Dypere

 

Relaterte artikler

Abonnement på Dyade

Et abonnement på Dyade er en betydelig gave til en ubetydelig pris. Fire temanummer i året, hvert nummer en fordypning i ett spesifikt tema.

Abonnement kan kjøpes her

Abonnere fra Sverige

Abonnere fra Danmark

2024-utgivelsene

1/24: Hvorfor har du forlatt meg?

Tidligere utgivelser

Her finner du hele Dyade-arkivet

Følg oss

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Dyade på Facebook