Surr

”Jo,” seier han i vegleiinga etterpå.  Han synest  ikkje det er noko å snakka om.  Vil ikkje ta tida og merksemda frå dei andre, men han får vel seia litt då. 

 

  ”Jo,” seier han, ”det var greitt.  Gjekk greitt.  Kanskje sovna eg litt også.  Ja, eg trur eg sov ei lita stund.  Men etterpå kom alt det der surret.  Ja, då tenkte eg at eg burde vore ein annan stad, faktisk.  Eg tenkte på at eg satt der og kasta bort tida.  Eg kunne vore ein stad og lært noko viktig.  Nei, det der surret, altså …”

 

  ”Du likar det ikkje?”

  ”Nei.  Nei, det kunne eg godt greidd meg utan.”

  ”Kva gjer du då, når det der surret kjem?”

  ”Kva eg gjer?”

  ”Ja, kor er lyden for eksempel?”

  ”Lyden?  Ja, han … han er vel der ein stad, men det er jo så mykje surr.”

  ”Lyden er der ein stad?”

  ”Ja.  Det er jo det vi har lært.  At lyden skal vera der.  Men då, før eg sovna, då var det jo lett og fint, og eg fekk meditert skikkelig, og alt var slik som det skulle og sånn, men …”

  ”Korleis er det det skal vera då?”

  ”Ja, eg veit jo at det ikkje skal vera på nokon spesiell måte, men når det berre blir surr, og du sitt der og liksom ikkje kjem av flekken, då kunne eg like godt vore på eit kurs eller noko og lært noko nytt.  Ja, eg tenkte faktisk på det.”

  ”Kva synest du om han som sitt der i det surret?”

  ”Eh.  Han er vel grei nok han.  Eg aksepterer jo meg sjølv og sånn.  Det er ikkje det.  Men er det eigentlig vits i å snakka så mykje om dette.  Eg synest berre ikkje det er vits i det.  Tida går, og det er jo andre som har ting å snakka om også.”

 

  Det blir stilt i rommet.  Berre ein eller annan som snufsar.  Det er vel nokon som ventar på å få sleppa til.  Han håpar nokon begynner å snakka.  At det ikkje skal vera han dei ventar på framleis.  Sitt dei der og ventar på at han skal dumma seg ut?  Vil dei at han skal bli liten og hjelpelaus?  Korfor er det ikkje nokon som seier noko?

 

  ”Kva tenker du?” seier vegleiaren.

  ”Ikkje noko spesielt.  Tenker berre, at det er vel andre som vil seia noko også.”

  ”Når surret kjem, så er altså lyden der ein stad.  Vil du seia litt meir om det?”

  ”Eg har jo sagt det.  Lyden er der jo, men …”

  ”Men?”

  ”Ja, det er vel kanskje litt vanskeligare å finna han.”

  ”Litt vanskeligare å finna han.”

  ”Ja, på grunn av alt surret.  Men er det verkelig nødvendig å bruka meir tid på dette?  Det er jo så … dumt.”

 

  ”Eg synest det hørest viktig ut.”

  ”Viktig?”

  ”Det hørest ut som det tar stor plass i tankane dine, og at du vil ha det bort.  Har du noko alternativ til å villa ha det bort?”

  ”Ja, eg veit jo det der med lyden, men … at det skal vera slik som det er  og sånn … men … ”

  ”Men?”

  ”Er det ikkje nok no?  Kan ikkje nokon annan … ”

 

  Det blir stilt igjen.  Så hører han ei ny stemme.  Ja, det er ein av dei andre som begynner å snakka.  Endelig.  Han sitt der og føler at han står i full flamme.

Produkter

Dyade 2014/04: Enklere - Nærmere - Dypere

 

Relaterte artikler

Abonnement på Dyade

Et abonnement på Dyade er en betydelig gave til en ubetydelig pris. Fire temanummer i året, hvert nummer en fordypning i ett spesifikt tema.

Abonnement kan kjøpes her

Abonnere fra Sverige

Abonnere fra Danmark

2024-utgivelsene

1/24: Hvorfor har du forlatt meg?

Tidligere utgivelser

Her finner du hele Dyade-arkivet

Følg oss

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Dyade på Facebook