6 skammer frå min skammelege vegg

Rune Belsvik

 Min indre politistyrke har ein svart Skuggehund som patruljerer områda kring mine lågare sjølv.  Får han ferten av noko uakseptabelt, bit han raude merke i hendinga, før politiet rykker ut og hentar den merkte, fører henne til byens torg, der ho blir hengt opp på ein høg, godt synleg vegg.  Så alt i meg kan sjå, og minnast, for det kan bli hengande svært lenge, at dette forferdelege skjedde ein gong her inne.

  1 No kjem hunden.  Han står og snusar på bokstavane som alt er skrivne i avsnittet over her.  Han knurrar.  Er ikkje dette for store ord, knurrar han.  Er ikkje dette berre ein måte å skriva på, for å pynta opp i det indre rotet?  Han bit eit merke i avsnittet, politiet styrtar fram, og avsnittet heng alt på veggen på torget med ein kvit lapp under:  «Dette fekk han seg til å skriva ein gong han liksom skulle skriva ein artikkel om SKAM.  Han trudde han kunne ytra seg om dette.  Så tåpeleg og overdrive og drygt begynte det.  Skammeleg!»

  2 Eg var 14 år og all mi merksemd sto i kø for å gløtta på jenta ved pulten til venstre for meg.  Vi hadde gått i same klasse i mange år.  Utan at eg på nokon måte hadde planlagt det, eller var blitt orientert om det, styrta altså all mi merksemd mot denne klasseveninna.  Det hadde skjedd noko med henne.  Eg kunne brått ikkje gå vanleg, når eg kom henne nær.  Vanleg gåing var ikkje godt nok.  Det var som om føtene mine straks forstod dette, men begynte å snubla, fordi dei ikkje hadde øvd inn dei nye trinna.  Eg kunne ikkje snakka til henne, heller.  Eg måtte først læra eit nytt språk som passa til hennar strålande vakre utsjånad.  Men brått ein dag, kanskje i ein mattetime, snudde eg meg mot henne, og nokre ord som hadde lege på vent lenge, hakka ut av munnen min:  «Har du eit sånt smykke med stjerneteikn på?»  (Det var populært å gå med halssmykke med stjerneteikn i sølv.  Sidan denne jenta var blitt som fullkomen for mine auge, var eit slikt smykke det einaste eg hadde sett ho mangla.)  

  Tanken var at ho skulle svara nei, og sjå trist ut, og så skulle eg overraska henne med å fortelja at eg ville kjøpa eit slikt smykke til henne.  «Kva?»  gapte ho.  «Eit sånt halssmykke med stjerneteiknet ditt på?» sa eg.  «Nei, korfor skulle eg ha det?»  Ho svarte på ein kjøleg og avvisande måte, kjente eg.  Slike spørsmål frå ein fyr som eg, ville ho ikkje ha noko av.  Lyden av stemma hennar og det harde i blikket minte meg på kven eg eigentleg var. Å, kor eg fall og fall.  Kor eg ramla ned i det sumpaktige klisset eg tenkte eg høyrte heime i.

  Denne hendinga heng på veggen på torget. 

  3 I mine unge år tenkte eg ofte, at ei løysing på alt, ville vera å bli forfattar.  Den som er forfattar er godkjend av eit forlag, og arbeidet hans finst på biblioteket, og i tillegg kanskje heime hos nokon.  Han er altså akseptert.  Han kan til og med bli berømt.  Eg tenkte eg kunne betala ein berømt forfattar mange pengar, for å gi ut nokre av mine setningar under sitt eige namn.  Eg trur det var slik planen var.  Eller skulle det vera omvendt - hans forteljing med mitt namn på boka?  Dette er eg ikkje heilt viss på.  Men det handla om at eg skulle bli akseptert.  At eg skulle lura meg, kjøpa meg, til ein plass blant dei aksepterte.  Og at dette antakeleg ville vera greie pengar for ein etablert forfattar, som for lengst hadde sikra seg stempelet som akseptert og god nok.  Det er ikkje der skamma begynner å bli skam.  Det er nokre år seinare, i det eg skulle gi ut mi 2. bok.  Eg var 25 år gammal, og alt saman var bortimot utruleg.  Det fanst alt ei bok med namnet mitt på.  Eg hadde skrive alle orda sjølv også.  No skulle det i tillegg komma ei bok til.  Som om ikkje dette var nok, blei eg invitert ut på restaurant i Oslo med forlagsredaktøren.  Middag.  Forlaget skulle betala. 

  Det same forlaget hadde nett utlyst ein romankonkurranse med stor pengepremie.  Å, eg hadde lyst på den premien.  Å vinna romankonkurransen.  Men det tenkte eg at eg aldri ville greia.  Eg ville nok heller ikkje greia å tapa konkurransen.  Og så sa eg dei orda som skulle hengast opp på torgets vegg:  «Eg likar ikkje at mitt forlag har slike konkurransar.»  MITT forlag.  Det sa eg til forlagsredaktøren på restauranten.  Altså ikkje berre det at eg no skulle få gi ut mi 2. bok, men at forlaget også var blitt MITT FORLAG.  Altså at eg meinte forlaget var MITT.  Og dette uttrykket MITT FORLAG blenker og skin framleis på min skammelege vegg.

  4 + 5 På fordjupingskurs hender det at mine låge sjølv begynner å reisa seg i all sin velde.  Dei fleste andre på desse kursa, har eg lagt merke til, er høgt utdanna og har slanke kroppar.  Eg har, iallfall fram til no, vore den tjukkaste og lågast utdanna.  Eg avslutta vidaregåande i 2. klasse.  Eg er utdanna hjelpepleiar.  Den tjukke kroppen min har mange gonger vore tema i meditasjonane og vegleiinga.  Kor ofte eg et for å trøysta meg.  At noko går meg imot, og straks kjem tanken på å eta søtsaker, som eit forslag for å retta opp dette at noko gjekk meg imot.  For når eg et søtsaker er liksom alt greitt.  Det er godt i munnen, og eg kjøper alltid rikeleg inn.  Til sist orkar eg ikkje meir, men likevel puttar eg inn ein sjokolade til, sidan eg no har gitt meg lov til dette, og det kanskje kan bli ei stund til neste gong, ja, dette må helst ikkje ta slutt, denne etinga av søte saker.  Og så blir det så fullt av kliss i meg, at det blir umogleg å putta inn meir.  Då kjem skamma.  Då sitt eg og skjemmest over at eg enno ein  gong hamna i denne gørra, at eg friviljug kjøpte inn og putta alt dette i munnen, og ikkje denne gongen heller var vaksen nok til å hugsa korleis dette alltid endar.  Med skam. 

Stundom kan tankane om kroppen min vera meir sjølvhat, som er aggressivt og hardt i forhold til den blautare og meir dunkle skamma.  På eitt kurs kom denne tanken om at statistisk så er det mest overvektige blant dei lågast utdanna.  Og det var dette, at eg gjekk rundt og var beviset på at statistikken stemte.  Her går ein rund og tjukk hjelpepleiar.  Det var som om til og med Skuggehunden lo, då han beit meg i flesket.

  6 Av og til føler eg meg betre enn andre.  Eg kan tenka at eg er for god for denne verda.  Ein slik god og kjekk og fin fyr som eg.  Så god til å lytta på det andre seier.  Så god til å uttrykka meg.  Så tolmodig.  Så vennleg.  Eit par gonger har desse tankane komme sterkt i meditasjonar på kurs, og alt mens tankane dansar rundt i meg, kjem skrekken for at eg skal komma til å dela dette med dei andre i vegleiinga.  At eg skal seia eg synest eg er ein betre person enn dei andre på gruppa.  At eg er meir interessant.  Korleis kan eg redda meg unna dette, viss eg skal vera ærleg?

  Det å ha hatt desse tankane, og det å ha sagt dei høgt i ei vegleiingsgruppe, fekk Skuggehunden til å bita hardt.  Å uttrykka at eg føler meg betre enn andre, var skamfullt.

 Eg tenker altså at SKAMMA kjem frå det aller minste i meg.  Frå den staden der eg er hjelpelaus, dum, redd og avhengig av andre.  Om eg bevegar meg for langt bort frå dette, er det som om det aller minste i meg brølar for at eg ikkje skal mista det av syne.  Det er som om dette aller minste i meg, vil passa på at eg ikkje prøver å framstå som om det ikkje finst.  Som om det har ein angst for å bli gløymt eller fornekta.

 Eg tenker at SKAMMA er eit sjølv i mitt indre saman med andre sjølv som ytrar seg der, for eksempel min skapande IVER, som fekk begynna denne artikkelen.   Når SKAMMA melder seg, prøver eg å la ho ytra seg ferdig i meg, samtidig som noko anna i meg tenker det kan vera lurt å vera tolmodig med det ho ytrar seg om, for eksempel opninga på denne artikkelen.  Eg veit at den opninga kunne blitt både betre og verre, men eg tenker at denne gongen lar eg min IVER få ordet.  SKAMMA har sagt sitt om det, men ho fekk meg ikkje til å skriva det om denne gongen, ho har derimot fått meg til å stryka mykje anna, som no ikkje står å lesa her lenger.

  Eg lar opninga stå slik ho dukka opp.

  Desse ytringane i meg er mitt arbeidsfellesskap når eg sitt og diktar, og når eg sidan vurderer kva av det eg skal la stå, og kor eg vil forandra teksten. 

  Eg tenker det er den same indre aktiviteten som ofte gjer det tungt å vera i det sosiale.  Når SKAMMA i meg er i storform, og bablar i veg:  «Eg er for dum.»  «Eg må ikkje tru folk orkar å høyra på alt dette kjedelege snakket mitt.»  «Eg må lytta betre, og gi gi klokare tilbakemeldingar.»  «Å, kor feit eg er.  Skjorta mi bular ut.»  «Dei vil eigentleg ikkje at eg skal vera her.»  «Eg passar ikkje inn.  Eg forstyrrar den gode stemninga.»

  Og det blir ikkje betre når det vender om:  «Er eg ikkje for god for desse folka?»  «Er eg ikkje for god for ei slik dum tilstelling som dette?»  «Burde eg ikkje gå heim, og spara litt på meg sjølv.  Ein så viktig person som eg er.»   «Eg må ikkje stå her så lenge, at dei trur eg berre er ein heilt vanleg fyr, heller.»

 Men nokre gonger dukkar det opp eit anna sjølv, eller ein annan tilstand.  Eg føler meg brått LIKEVERDIG med andre.  Ikkje betre.  Ikkje dårlegare.  Følelsen av å konkurrera og streva blir borte.  I staden oppstår ei glede ved å kunna delta i verden, å kunna by på det eg har og kunna ta imot og gle meg ved det andre byr på.

  Det minner om dei lette og kjekke dagane ved skrivebordet, eller dei stille periodane i meditasjonen.

  Eg veit likevel at SKAMMA også finst der inne.  At HO vil begynna å røra på seg igjen.  At eg mest sannsynleg, om ikkje så lenge, vil sitta i ei vegleiingsgruppe eller på eit kommunikasjonskurs og snakka om HENNE igjen.  Kanskje vil HO på nytt bli så sterk at HO så å seia tar styringa over alt det eg er.  Kanskje vil eg då også hugsa dei andre sidene i meg, dette som ytrar seg i det same fellesskapet som SKAMMA.

Sitatforslag:

«Eg tenker altså at SKAMMA kjem frå det aller minste i meg.  Frå den staden der eg er hjelpelaus, dum, redd og avhengig av andre. «

Abonnement på Dyade

Et abonnement på Dyade er en betydelig gave til en ubetydelig pris. Fire temanummer i året, hvert nummer en fordypning i ett spesifikt tema.

Abonnement kan kjøpes her

Abonnere fra Sverige

Abonnere fra Danmark

2022-utgivelsene

4/22: Frivillighetens kår i frivillighetens år

3/22: Du bor i din barndom

2/22: Tenke på døden

Tidligere utgivelser:

1/22: Skapende sinn

4/21: Forsoningens dans

3/21: Projeksjon og fordreining

2/21: Forfattere om livet

1/21: Stillhetens kraft

4/20: Korona - slutten på den lange freden 

3/20: Hvem blir vi når vi blir syke?

2/20: The Beatles og meditasjon 50 år etter

1/20: Skammen

4/19: Under overflaten

3/19: Hukommelse

2/19: Lidenskap og vitenskap

1/19: Vesten vs. Resten 

4/18: Vårt forhold til dyr 

3/18: Yoga

2/18: Rus

1/18: Magiske speil

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Det kan du gjøre her

Facebook

Lik oss på Facebook og få oppdateringer hver gang det skjer noe.

Dyade på Facebook

Lesetips til elever i VGS

Er du nysgjerrig, ønsker å forstå mer eller trenger bakgrunnstoff til stilskriving? Emneknagger og utvalgte artikler finner du her.

Smakebiter

Skyen

Etter mitt første fordypelseskurs i Acem gjenopptok jeg tegning. De fem siste årene hadde jeg tegnet lite, og forholdt meg til tegning som en måte å illustrere idéer på.

Et rom der dørene til det ubevisste står på gløtt

Jeg har et mål, men vet ikke veien til målet. Jeg vet ikke engang hvordan målet ser ut. Jeg vet bare at jeg skal skrive noe om min erfaring som arkitekt og som mediterende, men hva teksten kommer til å handle om vet jeg ikke enda.

Det er typisk en kreativ prosess for en arkitekt, å jobbe mot et mål, med et resultat vokser frem underveis. Og prosessen er ganske lik, enten det gjelder å skrive eller å tegne hus.

Turist i et krevende land

Bilder fra en reise i Algerie

Den arabiske mannen

— mellom barken og veden

Vi har hørt mye om Midt-Østens kvinner og deres vilkår, men hvordan er det å være arabisk mann, vokse opp i en arabisk familie, leve sitt liv med kone og barn, venner og arbeidskolleger? Er de entydige vinnere i kjønnskampen, eller er det ikke så enkelt?

De har andre skikker og synsmåter enn skandinaviske menn. Kan vi allikevel forstå deres hverdag og liv?

Yoga og helse

— hva sier forskningen?

Hva gjør yoga med helsen? Ulike yogabøker presenterer ulike effekter, noen basert på rene antagelser, andre på erfaring. Det siste tiåret har vitenskapelig forskning på yoga tatt seg kraftig opp. I denne artikkelen diskuterer Erik Ekker Solberg, Halvor Eifring og Are Holen yoga-forskningens resultater.

Stillhetens bevegelser

Vi er mennesker av kjøtt og blod, og våre liv er spunnet inn i tiden. Yoga og meditasjon gir svar til noen av sinnets lengsler mot stillhet og tidløshet, men slipper aldri helt taket i kroppens, sansenes og hverdagens mylder av krav og behov. Kroppslige og mentale teknikker kan hjelpe oss å leve nær spenningsfeltet mellom det stille og det støyende.

I have nothing to say, and I am saying it

- Nøytralitet som forpliktelse

Tate Gallery for Modern Art i London har ved siden av et non-figurativt maleri slått opp dette sitatet av den nonfigurative maler Gerhard Richter: ”I have nothing to say, and I am saying it.”

Kunne han (Sarkozy) bare sett det selv!

For å illustrere aktualisering kan man bruke ikke bare historier om mediterende, men også ”felles kjente” fra politikk, næringsliv og litteratur. Det er ingen grunn til å tro at f eks Frankrikes tidligere president Nikolas Sarkozy eller Apples grunnlegger Steve Jobs ville ”holdt ut” med en mild meditasjonsmetode som Acem-meditasjon. Men de kan brukes som pedagogiske eksempler i et mer allment forsøkt på å forstå hva aktualisering er.

Meditasjon over døde kropper

Slutten på livet er tema for meditasjon i de fleste kulturer. Men den aller sterkeste påminnelse om dødens realitet er fysisk: livløse kropper, råtnende legemsdeler, hodeskaller og knokler. Man skulle kanskje tro at slikt bare fyller en med vemmelse, men fredfylt ro ser ut til å være en like vanlig reaksjon.

Med ansikt mot døden

Døden er absolutt. Den er ikke høflig. Den pakker ikke inn. Døden kommer når den kommer og tar det den tar. Den presser alvor og følelser selv på de som liker å holde denslags på avstand. Døden er brutal, men ærlig.

Feriereisen og fortellingen om deg selv

- om forskning på turisters erfaring av reisen

Svein Larsen har gjennomført en rekke studier av turister og feriereisende, blant annet med vekt på motiver for å reise, vurderinger av risiko og sammenlikning på tvers av land og kulturer.

Reise i okkupert land

"Halvor, du må våkne!" I søvne har jeg hørt den harde og intense bankingen lenge, men den har flytt sammen med bilder og fantasier i drømmene mine, og jeg har sovet ufortrødent videre. Men nå er det vår dør de dundrer løs på, etter først å ha brutt seg inn gjennom det lille og primitive, men egentlig ganske hyggelige hotellets hovedinngang og gått fra dør til dør med det samme støyende og angstvekkende budskap: "Husundersøkelse!"

Hvor opptatt er vi av sex, og hvorfor?

Det er vel kjent at unge menn kan ha lyst på sex en gang i mellom, men seksualbehovet ser ut til å gjennomsyre oss hele livet. Seksualdriften påvirker oss livet igjennom, enten vi vil det eller ikke. Dette gjør sex til en eksistensiell utfordring.

Sjekking, sex og partnervalg

- kresne kvinner og ivrige menn?

Menn vil spre genene sine til flest mulige kvinner, mens kvinner har færre sjanser og satser mer på hver mann – at han skal bli der for alltid og beskytte henne og barna. Men hvor godt stemmer dette for hvordan kvinner og menn sjekker i dag? Og er det faktisk slik at menn har mest lyst og kvinner ikke orker?

Menn uten manuskript

Guttemannen lunter inn på scenen. Ikke farlig. Bare uskikkelig.

Uregjerlige liv med vendepunkter

Hva er vår livshistorie? Det er i alle fall ikke dokumentasjon av alt som har skjedd i livene våre. Vi har ikke hjernekapasitet til å huske alt, og om vi – med støtte i moderne datalagring – kunne det, så ville det bli en uprioritert oppsamling av smått og stort som knapt ville interessere noen.