Eg inngjekk ein gong ein avtale med meg sjølv, og eg trur det regna, det var iallfall kaldt, og eg hadde lyst å gå heim, men eg blei ståande ute ved ein sølepytt.
Viss eg nokon gong blir ein mann, lovde eg, altså vaksen, ein som kan gjera som han vil, som bestemmer alt sjølv og ikkje lenger må be om lov, med eiga lommebok og postkasse, så skal eg hugsa dette, at eg sto her og var så liten, og lurte på kor eg skulle gå. EG SKAL VERA EIN VAKSEN blant dei vaksne, og så skal eg komma tilbake hit og fortelja meg sjølv kva det eigentlig dreiar seg om. Kva som er sant. Kva dei vaksne kviskrar om. Eg skal høra godt etter, følgja nøye med på kva som blir sagt og kva som ikkje blir sagt, og så skal eg komma tilbake hit og fortelja det. Og eg skal prøva å finna ut om det går an å vera ein slik gut som eg er, om eg kanskje er den einaste som er slik, sidan eg så ofte føler meg aleine, at det er så tomt kring meg, at det er så mykje feil, at eg ikkje får til å gjera det rette så lenge om gongen.
Det er 50 år sidan. Eg hadde ikkje noko tru på at eg ville halda det eg lovde. Dette var nett eit av mine problem. Eg lovde noko, men eg greidde ikkje å halda det. Det var derfor eg fekk så ofte kjeft. Eg var ikkje til å stola på. Det var så mange påfunn i hovudet mitt, plutselig heldt eg på med noko, og like etter lurte eg på korleis eg i all verda hadde fått meg til å gjera dette. Dessutan var det utrulig lenge til eg kunne rekna med å begynna å bli ein vaksen mann. Det var til og med utrulig lenge til jul, og til jul ville eg framleis berre vera ein liten gut, sjølv om bestemor og bestefar skrøyt over kor stor eg var blitt.
Han har bede meg om å skriva denne boka lenge, og eg har nølt og nølt, for eg lurte på om eg var blitt vaksen nok.
Korfor gjekk eg ikkje heim? Hadde eg gjort noko gale igjen, og så var eg redd dei heime hadde fått vita om det? Eller var det det eg gjorde for fleire dagar sidan, det som mor mi utrulig nok ikkje hadde oppdaga, og så var det så vondt å gå der heime og kjenna at mamma trudde eg var ein snill gut, og ho var snill med meg, og lo til meg og brydde seg om meg som om eg var snill, mens eg eigentlig var stygg, det var berre det at ho ikkje hadde oppdaga det. Og det å gå rundt inne i huset med ein uoppdaga ugjerning i hovudet var vanskelig. Eg måtte tenka slik på korleis eg snakka og korleis eg gjorde alle ting, for eg måtte snakka og oppfora meg som ein snill gut, mens eg altså var ein stygg gut, og eg tenkte at om eg blei for glad, og glømte å tenka meg om, så kunne eg plutselig stå der og ropa kva eg hadde gjort. Eg har nett levert frå meg manuskript til ei ny barnebok. Eg tenker at eg har skrive også denne boka på oppdrag frå den vesle guten ved sølepytten. Det var enno noko han gjerne ville vita, før han gjekk inn. Han har bede meg om å skriva denne boka lenge, og eg har nølt og nølt, for eg lurte på om eg var blitt vaksen nok. Nei, sa eg til guten mange gonger, denne boka ventar vi med. Det er liksom ikkje vårt materiale dette. Det er dei an dre sitt. Vi kan ikkje begynna å rota med... Nei, han ville ikkje at eg skulle rota, han ville berre at eg skulle skriva om det med vanlige ord. Om det var slik at det kunne skrivast med vanlige ord.
Det var noko som alltid låg i mørke den gongen, noko med kroppane og nakenheita, noko som kunne dukka opp som skrift på offentlige toalett, slå ut som raudfarge i eit ansikt, som smil i eit anna, som raseri i eit tredje, som stumheit i eit fjerde. Når nokon sa ordet rumpe så begynte folk å le. Eg var på ein underhaldningskveld med foreldra mine, eller kanskje var det noko vi såg på fjernsyn, det var ein sketsj, der vaksne folk var på scena og skulle vera morosame, og så kom ein av dei fram, og så begynte folk å le enormt. Eg forsto det ikkje. Eg satt som ein stum tulling og såg på dei grådig leande munnane kring meg, tennene og tungene, til og med far min lo, ja, lo ikkje mamma også, og eg måtte rista lenge i armen til mamma, før eg kunne spørja henne kva dei lo av, og så fekk eg vita det. Den vaksne mannen der framme på scena gjekk jo i berre underbuksa. Damene i bygda vår verka på ein eller annan måte veldig påkledde. Eller, det var som om kåpene og blusane og skjørta og kuftene og sokkane og skorne og sjala var det som sto tydeligast fram på dei. Men så var det eit par, og særlig ei, som plutselig kom gåande blant oss i eit skjørt som var så uvanlig kort. Kanskje det var første gong eg såg nesten eit heilt damelår på vegen heim frå butikken. Den nakne delen av føtene hennar framsto mykje tydeligare enn det korte skjørtet og blusen over, det var liksom føtene og dei, å, dei nydelige låra altså, ja, det var dette avkledde som var hovudantrekket. Ho var først og fremst naken, og ho gjekk berre nokre meter framfor meg. Det var som om ho hørte til på ein annan planet, men eg visste at ho budde like oppe i bakkane. Eg veit ikkje om ho hørte dei forte stega mine bak seg, der eg kom berande på to posar med varer som eg hadde handla for mamma, men ho snudde seg iallfall, og då fekk eg sjå ansiktet med den raude leppestiften og den fine blåfargen rundt augo, og refleksen av sola på tennene hennar, og så kom eg på kva slike damer blei kalla, for eg hadde nokre kameratar som hadde blad med nakne damer på ein hemmelig plass i ein mørk, mørk bod, og dei blada hadde eg fått sjå eit par gonger, og det sto skrive at desse damene berre var ute etter
ein ting, og den tingen var mannfolk, og det var jo eit mannfolk eg kanskje skulle bli ein gong, så eg ropte det namnet eg hadde lært. "Hore!" ropte eg. Då rekna eg med ho ville forstå at eg hadde ei viss peiling, og at ho forsto at eg nesten var eit slags mannfolk, og dermed ville visa meg resten av alt det nakne som ho måtte ha under kleda. Tenk om eg kunne få sjå det! Eg hadde aldri vore så nær det før. Det var ein formiddag. Sola skein. Ho kom mot meg, og slo meg i ansiktet. Så begynte det vel å regna, og sølepyttane fylte seg opp, og eg fekk meg ikkje til å gå heim med maten, men blei ståande der. Og eg tenkte vel, at om eg nokon gong
blir eit mannfolk, eit slikt mannfolk som er saman med damer, så må eg komma tilbake hit og fortelja meg sjølv korfor alt dette er så hemmelig og umulig å forstå. Kva er det dei vaksne gjer når dei er nakne. Om det går an å fortelja det med vanlige ord. Utan at det er ein sketsj i berre underbuksa, eller ei forteljing som må ligga gjømt bak ei dør i ein mørk, mørk bod. Når eg reiser på fordjupingskurs, føler eg at den vesle guten står og ventar på meg, det er som om han gler seg til at eg skal komma inn i stilla vår, inn der inne kor mange svar manglar, kor det uklare enno har store urørte område, kor alt det som verkar så fast bestemt og ferdig tenkt her ute enno står ope og mulig. Der inne som gammal skam står lagra, der gjømte hendingar ligg uopna, der guten og eg kan nærma oss mørket i lag, og prøva å vera i det som er utan å gjera det mindre eller større enn det er. Det er noko likt mellom det å løfta blyanten mot papiret, og det å tenka metodelyden. Nærma meg noko i meg sjølv, som eg ikkje heilt veit kva er. Det er no det gjeld, no gjer eg det, no legg eg blyanten mot papiret, no tenker eg lyden. Om forventningane blir store, og merksemda vender seg mot eit forventa resultat, så kan eg fort gå fast, eller gå meg bort. Eg blir ståande å stampa, for det er så langt fram, så mange sider å skriva, så mange lydar å tenka før klokka ringer. Og i denne stampinga kjem dei gamle, velkjente tankane: Eg får det aldri til, dette er for dumt, det er ingen vits i dette, eg
burde brukt tida til betre ting, for ein idiot eg er, sitta slik og tru eg er noko. Og då er det eg må prøva å verken kjempa mot eller gi opp, men gi rom for desse tankane, la denne stampinga få uttrykka seg, la all motstanden sleppa til. I meditasjonen prøver eg då å kjenna etter om her likevel er ei lita opning for metodelyden, om eg kan sleppa til med å tenka lyden fram i alt dette, og i skrivinga reduserer eg arbeidsdagen, eller går ein tur med dei vanskelige tankane. Mens eg tenker at dette er også ein del av prosessen, ein del av diktinga, å møta motstanden, kjenna håpet krympa, kjenna meg liten og dum. Det er som om forventningane og kravet til eit stort resultat blir slipt ned i denne motstandsstampinga. For etterpå er eg glad til berre eg føler meg i stand til å skriva i det heile tatt. Ja, at berre det å sitta og tenka lyden er alt. At noko har opna seg. At eg no er framme. At det berre er dette det gjeld. Ikkje å bli ferdig. Ikkje å gjera noko stort. Men å løfta blyanten mot papiret og prøva ut ideen. Å lukka augo og tenka lyden. Å kjenna vekta av dette - at det er no eg er her. No er eg her.