Veronika Erstad
Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.
Hun er forfatter og miljøterapeut.
Våren 2013 møter eg Wenche.
Av Veronika Erstad
Eg har blitt besøksven gjennom Raude Kross. Eg kjem opp bakken frå togstasjonen, forbi gravplassen og byporten. Der ligg Kalfaret sju keheim. Eg går inn i gangen og bort til heisen. Eg skal til tredje etasje. Når eg kjem opp står eg framføre ei låst dør. Det er ingen å sjå. Eg trykker på ringeknappen. Eg ventar til ei sju kepleiar kjem og opnar for meg. Eg presenterer meg og seier eg skal besøke Wenche. Kom inn, seier ho, Wenche sit i stova.
Eg kjem inn i ei fellesstove, der sit dei alle saman, rullestolar trilla inn til bordet. Ein kaffi kopp og tefat med ein kjeks. Wenche smilar når eg helsar på ho.
Kjenner eg deg, spør ho. Eg fortel at eg er besøksven og at vi skal bli kjent. Ein pleiar kjem bort til Wenche og spør om ho vil spela ein song på pianoet. Wenche seier at det kan ho, og pleia ren trillar ho bort til pianoet. Medan ho spelar sit det to damer og snakkar saman. Det er ikkje noko særleg å høyre på, seier ei av dei med høg røyst. Det er ikkje fint, nei, svarar ho andre. Så somnar ho. Haka fell ned mot brystet.
Eg treffer Wenche mange gongar den våren. Etter det første møtet vårt kjenner ho meg alltid igjen. Sjølv på telefonen kan ho kjenne meg igjen, sjølv om ho ikkje veit kven eg er. Ho spør om eg er ei venninne. Ho er nittito år. Eg er trettifire.
Wenche har eit lite rom med tilhøyrande bad. På kommoden står eit bilete av Olsen, ein svart kongepuddel. Over senga heng eit bilete av sjø mannskyrkja i Milano. Wenche har vore organist i sjømannskyrkjer fleire stader i verda. Ho har levd aleine og reist mykje.
Wenche er ei sjølvstendig dame. Ho likar ikkje å bli fortalt kva ho skal ha på seg. Dei som jobbar på sjukeheimen kjem med eit ekstra teppe. Dei pakkar ho inn, som eit barn dei er redd skal fryse. Når vi står i heisen, ler vi litt og brettar teppet saman. Det er varmt i dag.
Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.
Hun er forfatter og miljøterapeut.